Wednesday, October 12, 2005

Blue Monika

5 Comments:

Blogger Mads said...

Dette var eit av dine betre, Øystein. Bra blikk.

5:11 pm  
Blogger Øystein said...

Takk, takk. På foto.no er det visst forventa at ein skal posta berre dei sjeldne gongane ein treffer eit blinkskot. Men det er vel ikkje dei fotoa som treng kritikk?

7:21 pm  
Blogger Mads said...

Nei, det er nett det som er problemet med foto.no for tida. Tidlegare pleidde eg å legge ut bilete som eg var usikre på, og ville ha respons på. Men no i det siste har Bildekritikken blitt ei betalingsteneste, og den gamle Bildekritikken har blitt Bildegalleriet - dermed har eg nesten slutta å bruke foto.no - ein får veldig få kommentarar på bileta sine der no, sidan det brått er blitt så mange brukarar som pøsar ut maksimalt antal bilete heile tida, i tillegg til at det faktisk heiter Bildegalleriet.

Det finst dog andre sider, som til dømes photosight.org. Ellers kan ein heilt sikkert finne utanlandske sider.

Likevel kan ein godt poste dei gode bileta ein tek - for då kanskje å bli litt meir observant på kvifor dei er gode. Folk har dessutan alltid fleire meiningar om dei gode bileta, har eg fått inntrykk av.

10:04 am  
Blogger Øystein said...

Eg ser at det ikkje kostar avskrekkande mykje å verta sølvmedlem på foto.no. Berre 12 kroner og femti øre månaden. Så viss eg kan avstå frå min vekentlege farris stundom...

Slik må ein tenka når ein er fattig. Eg er fattig, eg. Men å vera fattig er ikkje så verst; då må ein greia seg med det ein har.

Sjølv om eg er fattig, bur eg meir komfortabelt enn den rikaste konge for hundre år sidan. Det er ein tanke. I alle fall viss ein ser bort frå plassproblemet.

11:09 pm  
Blogger Monika said...

hehe. eg lurte på korleis det kunne ha seg at det var fira kommentarar på eit bilete av meg sjølv... no skjønar eg.

12:18 am  

Post a Comment

<< Home