Tuesday, November 08, 2005

Resurrection

3 Comments:

Blogger Mads said...

Dette var eit veldig flott bilete.

Komposisjonen er i utgongspunktet veldig bra, men om du er interessert så meinar eg at bedre teknikk kunne gjort det endå betre.

Biletet er uskarpt, og utbrend. Det sistnevnte kan av og til vera ei smakssak, men eg trur du vil oppdage at bileta blir betre om ein prøver å unngå store heilt 100% kvite felt, slik du har t.d. rundt personen her. Slike felt trekk til seg auget veldig sterkt ov fører som regel til irriterande uregelmessigheiter i komposisjonen, eller i dette tilfellet tap av dynamikk.

9:33 pm  
Blogger Øystein said...

Takk skal du ha.

Biletet vart nok litt uskarpt, ja, men det er vel slikt som er vanskeleg å endre på i ettertid. Ein har jo Sharpen i Photoshop då, men. Eg sto ca 100 meter unna og hadde på full zoom, så det var kanskje ikkje anna å vente. Kunne nok ha stått nærare, men då ville eg kanskje ikkje ha fått same effekten.

Biletet ville kanskje vorte teknisk betre viss eg ikkje hadde himmelen som bakgrunn, men då ville det vel vorte eit heilt anna bilete?

Elles har eg nytta Photoshop spotlight for ljoseffektene.

2:27 pm  
Blogger Mads said...

Himmelen som bakgrunn synest eg absolutt du skal bruka - det blir ofte veldig bra. Det einaste ein må passe på med slike silhuettbilete som dette er å eksponere etter himmelen og ikkje etter framgrunnen.

Her har du truleg hatt ei lengre lukketid enn du strengt tatt hadde behøvd - noko som har gjort himmelen utblåst/utbrend/overeksponert. Med ei kortare lukketid ville det også vore meir truleg at biletet vart skarpare (med zoom må ein ha veldig korte lukketider om ein ikkje brukar stativ). Om det hadde gått an å støtta kameraet opp på bakken, så kunne du nok fått det skarpt.

Unsharp Mask i Photoshop kan nok ikkje gjera mykje for denne typen uskarpheit.

3:24 pm  

Post a Comment

<< Home